
Frå 2004
har eplemost og siderproduksjon vorte ein svært viktig del av drifta på garden, i tillegg til eple. I 2009 begynnte produksjon av eplebrennevin som ein naturleg del av produktutviklinga. Seinare er det utvikla fleire nye produkt.
Alkoholfrie produkt
(Eplejuice og eplemost) vert laga uten tilsetjingstoff og er heilt rein vare. Eplesortane Gravenstein, Summerred og Aroma er dei viktgaste sortane vi brukar i produksjonen.
Eplejuice og eplemost vert seld i butikkar i fleire område i Norge.
Alkoholhaldige produkt;
sider, dessertvin, likør og brennevin vert seld via Vinmonopolet. Vi lagar også alkoholholdige produkt av andre typar frukt enn eple. Produkta er både musserande og uten kolsyre.
I samband med omvisingar kan ein kjøpa med seg sider, eplemost og eplejuice.
